Velkommen til Eid Barnehage
STORT HJARTE FOR DEI SMÅ 💕
Barnehagen ligg i Nordfjordeid sentrum, i Stad kommune. Avdelingane har namn etter turmål vi går til: Jektehola, Skjoratippen, Osvika og Røda.
I Læringsverkstedet Eid barnehage brukar vi fellesopplevingar, omsorg, leik og læring aktivt når vi skal støtte barna i utviklinga si. Å gje dei gode opplevingar i lag med andre barn, der dei kjenner på glede, anerkjenning og meistring, er grunnlaget for arbeidet vårt. Å få vere seg sjølv, og vite at ein er verdifull og unik, styrker sjølvbildet og sjølvtilliten til den enkelte. På same tid arbeider vi for at kvar enkelt skal oppleve å høyre til i ein felleskap der andre likar ein som ein er, og ein vert rekna med og akseptert for den ein er; ein fantastisk person som betyr noko for andre!
Velkommen til oss! 💚
Mandag — Fredag 07:00 — 16:45
Bankgata 7,6770 NORDFJORDEID
Vis i kart
37071749
eid@
77 barnehageplasser
4 avdelinger
Pris: 700,-
Pris for mat: 350,-
Styrer
Anne-Britt Nor
Anne-Britt har vore styrar i barnehagen sidan november 2003. Ho er utdanna barnehagelærar, med vidareutdanning innan spesialpedagogikk.
Fellesopplevingar
Gode fellesopplevingar styrkar kjensla av å høyre til, og førebyggjer utanforskap. Hjå oss legg vi til rette for mange ulike fellesopplevingar gjennom dagen: Leik, aktivitet, måltid, tur, lesestund, tøyse og tulle og så bortetter. Kvar augeblikk gjennom dagen er eit høve til å styrke kjensla av fellesskap og tilhøyrsle. Vi vaksne er oppmerksame og tilstades, og støttar og legg til rette for positivt samspel og gode relasjonar.
Leik og danning
Leiken er ein magisk tilstand, og der kan barna oppleve flyt og fryd. Å få vere med, og å få flyte inn i ein felles fantasi, er ei heilt spesiell, spanande og god kjensle. Det kan sikkert alle vaksne framleis hugse. I tillegg kan barna bearbeide inntrykk og opplevingar i leiken, og dei kan spegle verda, slik dei ser den, eller har blitt lest for/ sett på film, at den kan vere. Gjennom leiken får dei erfaringar om seg sjølv og andre. Difor legg vi stor vekt på at leiken skal ha gode rammer for vekst og utvikling her i barnehagen. Vi vaksne er svært viktige med tanke på å legge til rette for at alle barna skal få gode og utviklande leikeopplevingar. Difor jobbar vi for at alle vaksne i barnehagen har kunnskap og kompetanse om leik, og korleis vi kan berike og utvikle leiken for barna.Fokusområde for Eid Barnehage
DET PSYKOSOSIALE BARNEHAGEMILJØET! I Læringsverkstedet Eid barnehage jobbar vi systematisk og målretta for å støtte barna i deira utvikling. Vi legg vekt på at heile barnet skal få utvikle seg...
DET PSYKOSOSIALE BARNEHAGEMILJØET!
I Læringsverkstedet Eid barnehage jobbar vi systematisk og målretta for å støtte barna i deira utvikling. Vi legg vekt på at heile barnet skal få utvikle seg (kjensler, relasjonar, sjølvkjensle, sjølvtillit, motorikk, estetikk, språkleg og tankemessig). For å få til dette legg vi til rette for varierte og allsidige aktivitetar og fellesopplevingar, der vi vaksne er deltakande og støttande.
Barnas trivsel er vårt ansvar. Gode relasjonar bidreg til å skape eit godt leike- og læringsmiljø, og er viktig for barnas kjensle av tryggleik og trivsel. For at barna skal få utvikle seg og blomstre optimalt i barnehagen hjå oss, legg vi vekt på å vere aktive vaksne i relasjon og samspel med barna.
Hjartekulturen i Læringsverkstedet er ein viktig del av læringsmiljøet kvart barn møter i barnehagen. Utvikling, leik, læring og trivsel kjem som eit resultat av godt lærings- og psykososialt barnehagemiljø. Målet med hjartekulturen er å skape ein varm og inkluderande barnehage, der alle barna får gode moglegheiter til å utvikle seg sosialt, gjennom leik og samspel.
"Hjartekultur" kan definerast som: Ei atmosfære der alle vert inkludert, og har omsorg for kvarandre.