
Velkommen til Eid barnehage
STORT HJARTE FOR DEI SMÅ 💕
Barnehagen er lett å finne. Den ligg bak rådhuset på Nordfjordeid, i Stad kommune. Frå barnehagen er det kort veg til både skog og fjøre, og vi går mykje på tur. Vi har 4 avdelingar for barn i alderen 0 - 6 år: Jektehola, Osvika, Røda og Skjoratippen. Namna er frå stader vi går tur til med borna.
Vi legg vekt på leikande læring, samspel og meistring!
Nyttige lenker: Stad kommune, info om barnehage/ skule
Mandag — Fredag 06:45 — 17:00
Bankgata 7,6770 Nordfjordeid
Vis i kart
41423643
eid@
75 barn
4 avdelinger
17 ansatte
Pris: 3230,-
Pris for mat: 200,-
Fokusområde for Eid barnehage
Det psykososiale miljøet i barnehagen Barns trivsel er den vaksne sitt ansvar, og gode relasjonar er avgjerande i dette samspelet. Vi trur på at gode relasjonar, som ein raud tråd...
Det psykososiale miljøet i barnehagen
Barns trivsel er den vaksne sitt ansvar, og gode relasjonar er avgjerande i dette samspelet. Vi trur på at gode relasjonar, som ein raud tråd i alt vi gjer, hevar kvaliteten i barnehagen. Det bidreg til å skape eit inkluderande leike- og læringsmiljø. Kvaliteten på relasjonane og samhanlding mellom tilsette og barn er særs viktig for barnas tryggleik og utvikling. Å utvikle gode sosiale dugleikar, empati og venskap i barndomen er viktig for å kunne utvikle eit godt sjølvbilde. Gode relasjonar vil igjen få betydning for trivsel, utvikling og læring.
Frå 01.01.21 vert alle som arbeider i barnehage pålagde å melde ifrå til styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til, at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. I samband med dette kjem vi til å fordjupe oss i relasjonane barn-barn og barn-vaksen. Vi vaksne skal arbeide med vaksenrolla og oss sjølve, og vi skal bruke Hjarteprogrammet i arbeidet med barna.
Avdelinger
Jektehola
9 barn
1 - 3 år
Osvika
30 barn
2 - 6 år
Røda
24 barn
3 - 6 år
Skjoratippen
12 barn