Naustdal Idrettsbarnehage

Velkommen til Naustdal Idrettsbarnehage

Velkommen til Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage. Naustdal Idrettsbarnehage opna 20. august 2012, og blei i 2016 ein del av Læringsverkstedet. Barnehagen er plassert i naturskjønne omgivnader i Naustdal sentrum i Sunnfjord kommune, vi har fjorden og fjella tett innpå, og har eit stort uteområde som stimulerer til aktiv og kreativ leik. I Idrettsbarnehage har vi som mål at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede kvar dag, og pedagogisk idrett er vår gjennomgåande metode i kvardagspraksisen. Pedagogisk idrett er ei bevisst pedagogfagleg og idrettsfagleg nytting av element frå idrett, leik og rørsle. I pedagogisk idrett kjem pedagogikken før idretten, noko som inneberer at vi nyttar idrett, leik og rørsle for å arbeide mot våre pedagogiske mål. Vi er bevisst på alltid å sette oss tydelege pedagogiske mål, som til dømes å fremme sosiale relasjonar eller målsetjingar innanfor de ulike fagområda i rammeplanen. Vi har tilsett eigen matansvarleg, og barna får servert varm lunsj kvar dag. I tillegg serverer vi frukost, og til ettermiddagsmaten byr matansvarleg på nystekte rundstykker.

Mandag — Fredag 07:00 — 16:30

Berrvellene 36,6817 NAUSTDAL
Vis i kart

37071614
naustdal@laringsverkstedet.no

96 barnehageplasser
6 avdelinger

Pris: 700,-
Pris for mat: 750,-

Følg oss på Instagram

Styrer
Eva Jeanette Gunnes

Eva Jeanette Gunnes

Hei! Eva Jeanette heiter eg, og er styrar her i Naustdal Idrettsbarnehage. Eg har vore her sida barnehagen opna i 2012, er utdanna barnehagelærar ved Dronning Maud Minne Høgskole, og følger no masterprogrammet Organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet. Eg brenn for konseptet vårt og verdiane våre, og for at barnehagen skal vere ein trygg stad for alle barna her. Eg er takknemleg for moglegheita til å leie og utvikle barnehagen vår saman med ein gjeng engasjerte, erfarne og varme tilsette. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.

+4741651800
naustdal@laringsverkstedet.no

Fokusområde for Naustdal Idrettsbarnehage

Barns kroppslege læring blir inkludert i vårt pedagogiske arbeid. Gjennom pedagogisk idrett har vi fokus på heile barnet si utvikling, både fysisk, psykisk, sosialt og kognitivt. Barna skal få gode...

Barns kroppslege læring blir inkludert i vårt pedagogiske arbeid. Gjennom pedagogisk idrett har vi fokus på heile barnet si utvikling, både fysisk, psykisk, sosialt og kognitivt. Barna skal få gode opplevingar i håp om at dei tek med seg gode vanar og opplevingar vidare i livet. Vår pedagogiske plattform har tydeleg definert vårt verdisyn, barnesyn og læringssyn. Sentralt i barnehagen er fokuset på bevegelsesglede og matglede. Vi følger myndighetene sine anbefalingar for kosthold og fysisk aktivitet, og legg til rette for variert bevegelsesleik og gode måltidsopplevingar kvar dag. Barnehagen har storkjøkken og gymsal, og vi er opptatt av at barna skal få opplevingar på mange arenaer, både inne, ute, i hall og på tur i løpet av ei veke i barnehagen. Vi har også valt å ta inn ekstra faggrupper i barnehagen og har difor tilsett idrettspedagogar og kokk, i tillegg til pedagogar og pedagogiske medarbeidarar. I Idrettsbarnehage har vi stort fokus på vaksenrolla, vi skal være tilstedeværende, aktive og engasjerte. Vi seier at kropp imiterer kropp, noko som betyr at vi som vaksne er gode rollemodellar for barna og ikkje minst kvarandre. Vil vi at eit barn skal krabbe ned ei trapp, så må vi krabbe ned sjølv. Verdiorda modig, engasjert og raus står sentralt i barnehagen.

Avdelinger

Axis

18 barnehageplasser

2 år - 3 år

94024264

Aqua

20 barnehageplasser

4 år - 4 år

94024253

Atlas

15 barnehageplasser

5 år - 5 år

94024261

Aura

2 år - 3 år

94024263

Humus

13 barnehageplasser

1 år - 1 år

94024265

Montes

10 barnehageplasser

Under 1 år - 1 år

94024266

Dokumenter fra Naustdal Idrettsbarnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet