Skrevet 9. feb. 2026 av Kari Kragset

En hilsen fra Arne Brimi

Mattips

Eg har hatt gleda av å vera ein del av ET GODT MÅLTID i Læringsverkstedet i alle desse 10 åra, dei har gått fort! Og mykje av det eg meiner er ei feil utvikling i global matindustri har gått minst like fort!!! Eg møter så mykjy folk som er grunnleggjande oppteken av alle kvalitetar eit måltid kan ha, det er godt!! Men så er det ein del salgstall på kva vi totalt handlar som ikkje er greie å sjå!

Vi har så mange og flinke bønder! Dei produserer omlag 40 prosent av maten vi treng. Dei fleste av oss forstår at det er for lite. Skal det bli meir, må vi handle meir!! Leit etter moglegheitar for å handle meir. Det skjer så mykjy rundt der vi bur! 

Mitt ynskje er att vi skal bli flinkare til å bruke årstidene! Og i den tida ikkje så mykjy blir hausta brukar vi det som tåler lagring! 

Poteter f.eks!
Billigt, poteten burde utgjera ein stor andel av kosthaldet vårt. Næringsrik, stort mangfald! Og maaaange måtar å bruke den på! 

Mitt beste rasjonelle tips på potet er:
Når ein kokar potet, som er min favoritt, kok det dobbelte av det du treng. Da har du ferdigkoke poteter til neste dag som kan brukast til: Potetsalat, blanda i annan grønnsaksalat, steikte, pytt i panne, luna i steikjeovn, skiva og kokte i litt mjølk, med oppskårne tomater dryssa med ost osv. 

Lykke til! 
Mvh Arne