Velkommen til Tvildemoen Barnehage
Læringsverkstedet (LV) Tvildemoen Barnehage AS, ligg i naturskjønne omgjevnadar ikkje så langt frå Vossevangen som er sentrum av Voss. Me har 5 avdelingar: Stabburet og Vetlastovo som er frå 1-3 år, Eldhuset, Storastovo og Gapahuken er frå 3-6 år.
Gapahuken er ei avdeling med særskild fokus på natur og friluftsliv, og dei har ein base oppe i Songvesåsen der dei held til 3-4 dagar i veka (om dei ikkje reiser på tur andre stader). Det er eigen søknad til Utegruppa Gapahuken, når du søkjer barnehageplass.
LV Tvildemoen Barnehage har fokus på å væra mykje ute og me reiser også fast på tur med dei andre gruppene. Me har også fokus på Mat og mattradisjonar og me har vår eigen bakstebu, orangerie (eller drivhus) og me har storkjøkken med eigen tilsett kjøkkenassistent. Barna får tilbod om varm mat 3 dagar i veka, og brødmat (frå vår eigen vedfyrte baksteomn) 2 dagar i veka.
Me har gjennom mange år jobba med og utvikla det fysiske leikemiljøet, som me tenkjer er eit viktig pedagogisk konsept. Å endre leikesoner etter barna sine interesser og alder, gjør at barna blir nysgjerrige og utforskande til leik. Og det gjør at dei tilsette jobber i eit godt team der ein let seg inspirera av kvarandre. 💚
Mandag — Fredag 06:45 — 17:00
Regimentsvegen 235,5705 VOSS
Vis i kart
37071561
tvildemoen@
100 barnehageplasser
5 avdelinger
Pris: 1200,-
Pris for mat: 650,-
Styrer
Heidi Olsen Nedkvitne
Eg har vore styrar sidan oppstart i 2000. Tvildemoen Barnehage er hjertebarnet mitt og det er ein arbeidsplass som betyr mykje for meg. Eg er veldig opptatt av at me som barnehage alltid skal sjå framover mot nye mål og ny kunnskap. Å ha fokus på å sette nye idear ut i live, er viktig for å kjenne på utvikling. Hjå oss skal alle barn få muligheten av å nyte god heimelaga mat. Å nyte eit godt måltid er viktig for kropp og sjel. For meg er det viktig at me tek vare på den unike muligheten det er å utvikle barn sine erfaringar på smak og smaksopplevingar.
UTEGRUPPA GAPAHUKEN
For dei som er ekstra glad i naturen er Utegruppa Gapahuken eit godt alternativ (Her må du inn å søkja eigen barnehageplass). Utegruppa Gapahuken har ein base oppe i Songvesåsen, med fine muligheter for turar. Hit reiser dei med våre eigen buss og bil, 3-4 dagar i året. Gapahuken reiser på turar andre stader i området.
EIT GODT MÅLTID
Mat og mattradisjonar og "Eit godt måltid" er også eit fokusområde for oss. Voss har mange fine mattradisjonar som me gjerne speglar i aktivitetane våre. Kvar haust har me smalahovedag og ellers er det flatbrødbaking og mykje anna god aktivitet som fremjar interessa for mat og smak. Me har tilsett kjøkkenassistent og to gonger i veka bakar me våre eigne heimebakte brød frå vår vedfyrte baksteomn, og tre dagar i veka får me servert ein varm lunsj.Fokusområde for Tvildemoen Barnehage
Barnehagen har fokus på LEIKEN og har som mål å sjå på barna sine interesser for å skape nye leikesoner inne og ute. Leiken er ein viktig kilde til læring. Gjennom leiken lærer barnet å utvikle sosialt samspel med andre. Barnet er aktiv både med språk og gjer seg mange erfaringar som er med på å styrke barnet sine mange sider.
Me tenker at det er viktig å bruke naturen, nærområdet og barnehagen som arena for å væra fysisk aktiv. Mange barn opplever stor meistring, der dei kan utfolde seg fysisk. Heldige er me også som har ein stor gymsal til å utøve bevegelsesglede.