Småfolk Barnehage

Velkommen til Småfolk Barnehage

Læringsverkstedet Småfolk Barnehage held til på Nedre Grindheim, 3 km aust for Etne sentrum i Etne kommune. Me har eigen kokk og er ein fullkostbarnehage som tilbyr tre måltider til dagen; frukost, lunsj og mellommåltid kl. 14.00. Barnehagen har ope heile året med opningstid frå kl. 06.45 - 17.00

Me har som utgangspunkt å organisere barn og tilsette i mindre og aldersbestemte grupper i løpet av dagen. Dei eldste barna tilhøyrer utegruppa og tilbring mykje tid i multihuset ovanfor barnehagen. Med "bussen" vår dreg dei også gjerne på turar rundt i distriktet.

Kvar dag etter frukost starta me dagen med felles songstund. I tillegg til å lære mange songar, vert det gjerne litt dans og me syng sjølvsagt for evnt bursdagsbarn. Under samlinga blir det også presentert eit teikn for dagen (tegn til tale).

Barnehagen jobbar medvite med relasjonar og kjensler og at alle kjensler er lov.
Småfolk Barnehage er ein del av Læringsverkstedet. Dei eig og driv barnehagar fleire stader i Noreg og det pedagogiske arbeidet med barna byggjer på leikande læring, samspel og meistring.

Gjerne ta kontakt med barnehagen for mer informasjon.

Velkommen til oss!💚

Mandag — Fredag 06:45 — 17:00

Underbakken 27,5590 ETNE
Vis i kart

37071739
smafolk@laringsverkstedet.no

116 barnehageplasser
5 avdelinger

Pris: 700,-
Pris for mat: 650,-

Følg oss på Instagram

Styrer
Anne Grethe Rullestad

Anne Grethe Rullestad

Eg har jobba som barnehagelærar sidan eg var ferdig utdanna i 2000. I 2004 var eg med å starta Småfolk Barnehage og gjekk inn i styrarrolla då Læringsverkstedet overtok hausten 2023.

Eg ynskjer å vere med å skape ein barnehage prega av raushet, glede, og trygghet, - ein stad med fagleg kvalitet der barna blir sett, får gode erfaringar og opplevingar i eit leikande og utviklande miljø.

+4795782423
smafolk@laringsverkstedet.no

Eit Godt Måltid

"Eit godt måltid" er Læringsverkstedet sitt eiga matkonsept. Dette er utvikla av bl.a. Arne Brimi og Ryfylkekokken Frode Selvaag.

I Småfolk har me vår eigen kokk som lagar god og næringsrik mat til oss. Me serverar alle måltid i barnehagen, frukost, lunsj og fruktmåltid.

For oss er "eit godt måltid" meir enn berre maten me et. Det er fellesskap, tradisjonar, sansing, språk, meistring og samspel.

Utegruppe

Hompetitten, som er skulestartarane våre, er mykje ute. Då held dei ofte til oppe i multihuset vårt ovanfor barnehagen. Her leikar dei i trea, ser på fuglar og ekorn som kjem til fòringsplassene sine, spikkar og sagar og leikar i sanden. Om dei ikkje er her er dei gjerne på turar i nærområdet, på bedriftsbesøk eller på andre eventyr.

Fokusområde for Småfolk Barnehage

Den voksne sin relasjon- eller EQ-kompetanse, har lenge vore eit fokusområde i vår barnehage. Å skape gode relasjonar og barns trivsel er alltid dei voksne sitt ansvar og noko me jobbar aktivt med heile tida. I dette arbeidet har me framover valgt å ha særleg fokus på norsk med tegnstøtte -ASK og Leikemiljø.

Den voksne sin relasjon- eller EQ-kompetanse, har lenge vore eit fokusområde i vår barnehage. Å skape gode relasjonar og barns trivsel er alltid dei voksne sitt ansvar og noko me jobbar aktivt med heile tida.
I dette arbeidet har me framover valgt å ha særleg fokus på norsk med tegnstøtte -ASK og Leikemiljø.

Avdelinger

Haugbassane

3 år - 4 år

96098444

Knøttebu

Under 1 år - 2 år

96098443

Romlingane

3 år - 4 år

96098446

Hompetitten

5 år - 6 år

96098448

Rolpestevlane

4 år - 5 år

96098447

Dokumenter fra Småfolk Barnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet