Sæ Barnehage

Velkommen til Sæ Barnehage

Læringsverkstedet Sæ barnehage ligg på Ås i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har me nær tilgang til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, og alt som skjer i eit levande sentrum. Me har også tilgang til flotte tur områder, like utanfor porten. Ås skogen og skogen ved museumsparken er populære turmål for dei yngste barna. Me har to minibussar som i tillegg gir oss tilgang til sjø, vatn og strand, og turområder som ligg i litt lengre avstand frå barnehagen. Me disponerer den gamle korttidsbarnehagen i museumsparken med det vesle huset og eige uteområdet. Dette er eit ynda turområde for dei minste i barnehagen. Naturen og nærmiljøet ser me på som ein verdifull ressurs, som me nyttar aktivt kvar dag.

I barnehagen har vi inntil 120 barn og 33 tilsette, fordelt på 7 avdelingar. Dei yngste barna er fordelt på 4 småbarnsbasar på grøn fløy. Desse er Gullkjeldo, Møyno, Utlebakkjen og Kalvahagen. Dei eldste barna går på blå fløy, som er fordelt på avdelingane, Tyso, Skotet og Døso. Romma våre er opne og lyse og stimulerer til leik av ulik art. Innhald og leikemiljø vert endra ut frå utvikling og interesser hos barna. Barn og tilsette på avdelingane vert organisert i mindre grupper i løpet av dagen både inne og ute. Slik får me nytta romressursane og dei tilsette på ein god måte. Å organisere oss i smågrupper gjer også at ein sikrar at alle barn blir sett og får støtte i samspel, leik og i kommunikasjon med andre.

Borna på grøn fløy har sitt eige avgrensa uteområde, med alderstilpassa leiker og leikesonar. Dei har tre vognskur, der barna søv i eigne vogner, medan vognvakter passar på. Blå fløy disponerer eit uteområde som kan delast i to med port. Her finn ein mellom anna sjørøvarskute, to sandkassar og fleire leikehytter.

Velkommen til oss! 💚

Mandag — Fredag 06:45 — 16:30

Åsringen 63,5417 STORD
Vis i kart

37071699
sa@laringsverkstedet.no

132 barnehageplasser
7 avdelinger

Pris: 1200,-
Pris for mat: 500,-

Følg oss på Instagram

Styrer
Sarah H S Almås

Sarah H S Almås

Hei, mitt namn er Sarah Helen og eg er styrar i Sæ barnehage. Eg har vert ansatt i Sæ siden 2013, og jobba dei første åra som pedagogisk leiar, før eg i 2021 vart tilsett som fagutviklar og gjekk inn i styrarrolla i 2023. Eg er oppteken av fagleg kvalitet i barnehagen og å skapa eit trygt, leikande og utviklande miljø for barn.

+4795890962
sa@laringsverkstedet.no

Fokusområde for Sæ Barnehage

Fokusområda til Sæ barnehage er natur og friluftsliv, inkuderande felleskap som grunnlag for eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø og leik.

Fokusområda til Sæ barnehage er natur og friluftsliv, inkuderande felleskap som grunnlag for eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø og leik.

Avdelinger

Skotet

3 år - 4 år

95831541

Kalvahagen

9 barnehageplasser

1 år - 3 år

95848223

Utlebakkjen

15 barnehageplasser

1 år - 3 år

90226252

Døso

24 barnehageplasser

5 år - 6 år

90241418

Møyno

15 barnehageplasser

1 år - 3 år

94012142

Tyso

3 år - 4 år

93238785

Gullkjeldo

9 barnehageplasser

1 år - 3 år

95452635

Dokumenter fra Sæ Barnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet