Kontakt Krikane barnehage

Eva Helen Haram

Styrer

Avdelinger

Blåklokka

Marikåpa

Løvetanna

Kvitveisen

Medarbeidere

Anette

Pedagogisk Leder

Eg er utdanna barnehagelærar frå Høgskulen i Volda, og vart ferdig i 2023. Sidan 2019 har eg arbeidd i Læringsverkstedet Krikane barnehage, og i dag er eg pedagogisk leiar på småbarnsavdelinga Blåklokka. For meg er det viktig at alle barn blir sett, får oppleve meistring og får utvikle si sosiale kompetanse. Eg er særleg opptatt av relasjonsbygging – både med barna, foreldra og mine kollegaer. Eg meiner at trivsel og gode relasjonar er grunnlaget for læring og utvikling.

Camilla Therese B

Pedagogisk Leder

Eg er utdanna førskulelærar v/ Høgskulen i Volda og var ferdig utdanna i 2012. Eg starta i jobben som ped.leiar i Læringsverkstedet Krikane bhg same året, og har vore her sidan. Gjennom alle dei åra eg har jobba her, har eg jobba både på småbarn- og på storbarnsavdeling, men og som spes.ped.assistent. I år skal eg vere spes.ped.assistent på storbarn. Eg er oppteken av å gi alle barn like gode moglegheiter for ei allsidig utvikling gjennom leik, læring og gode relasjonar, og då særleg dei borna med litt ekstra utfordringar. Eg likar å få utfalde meg kreativt på jobb, og ser på leiken som ein viktig del av barnehagekvardagen.

Helene

Pedagogisk Leder

Eg er utdanna førskulelærar ved Universitetet i Stavanger og vart ferdig i 2008. Sidan då har eg arbeidd i Læringsverkstedet Krikane barnehage, der eg i dag har rolla som pedagogisk leiar på småbarnsavdelinga Blåklokka. Eg brenn for å skape trygge, omsorgsfulle og stimulerande kvardagar for dei yngste barna i barnehagen. Med fordjuping i småbarnspedagogikk har eg spesialisert meg på arbeid med barn under tre år, med særleg vekt på omsorg, utvikling, språk, leik, kultur, kropp og helse. Eg er oppteken av å byggje gode relasjonar, støtte barnas nysgjerrigheit og skape rom for læring og meistring gjennom leik og samspel.

Lillian

Pedagogisk Leder

Eg er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Volda, og vart ferdig i 2002. Eg har jobba i ulike barnehagar i Herøy kommune og Ålesund kommune. Har jobba her i Læringsverkstedet Krikane barnehage sidan 2010. Eg jobbar 100% som pedagogisk leiar på avdeling Kvitveisen. Eg er opptatt av å gi god omsorg til ungane. Eg brenn for relasjonskompetanse, viktigheita av å bygge trygge og gode relasjonar mellom barn-barn, barn-vaksne, og vaksne-vaksne. I løpet av barnehageåra synast eg også det er viktig å jobbe med sosial kompetanse. Elles er eg veldig glad i song og musikk, og likar å bruke dette aktivt i lag med ungane i barnehagen.

Marianne Solvang

Pedagogisk Leder

Eg utdanna meg som førskulelærar ved Høgskulen i Volda, og var ferdig utdanna i 2014. Sidan har eg arbeida her i Læringsverkstedet Krikane barnehage. I etterkant har eg også tatt fleire nettstudium: IKT i barnehagen, Realfag i barnehagen og Barns språk og språkutvikling. Eg arbeidar i dag på småbarn og er pedagogisk leiar på Marikåpa. I barnehagen likar eg å halde på med språklege aktivitetar i lag med barna. Eg synast det er spennande å sjå korleis barna lære og utviklar seg. For meg er det viktig at alle barna blir sett, får oppleve trivsel, vennskap, læring og glede i barnehagekvardagen. I tillegg likar eg å organisere, lage orden og struktur i barnehagen.

Siri Anne

Pedagogisk Leder

Eg var ferdig utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Volda i 2010. Har sidan då jobba som pedagogisk leiar her i barnehagen. Har jobba mange år på småbarn, dei siste åra har eg vore på Løvetanna. I 2019 tok eg profesjonsretta utdanning som praksislærar for å kunne rettleie studentar i barnehagelærarutdanninga. Eg brenn for gode relasjonar og relasjonsbygging, både i møte med ungane, foreldre og kollegar. Dette ser eg på som sjølve grunnlaget for ei positiv og god utvikling for barnet. Elles er eg veldig glad i å vere ute. Noko eg prøver å gjere mykje av med ungane i barnehagekvardagen. Både på tur i nærområdet og i barnehagen.

Susanne

Pedagogisk Leder

Eg utdanna meg som førskulelærar ved høgskulen i Bergen, og var ferdig utdanna i 2011. Deretter tok eg tilleggsutdanning i spesial pedagogikk og interkulturell pedagogikk ved NLA høgskulen i Bergen. Her tok eg òg Master i pedagogisk leiing som eg fullførte på deltid, var ferdig sommaren 2016. Eg byrja å jobbe i Krikane barnehage i 2014. Eg er no pedagogisk leiar på Marikåpa. Eg hadde fordjupning i kunstfaga musikk, drama og forming i mi førskulelærar utdanning, og er opptatt av å jobbe med det estetiske saman med barna. Det handler om å gi dei moglegheit til å sanse, utforske og uttrykke seg gjennom kreative aktivitetar og eit inspirerende miljø. Dette bidreg til barns læring og utvikling ved å stimulere sansane, skape gode opplevingar og fremmer både individuell og felles bevisstheit som berikar barns leik, og skapar gode relasjonar.

Vivian

Barnehagelærer

Eg er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Volda, der eg fullførte utdanninga mi i 2015. Sidan 2010 har eg jobba både i barnehage og skule, og har opparbeidd meg brei erfaring med arbeid med barn i ulike alderstrinn. Etter nokre år i produksjons- og butikkyrket starta eg ved Ikornnes FUS barnehage, der eg jobba frå 2010 til 2016. Deretter gjekk eg over til skulen og jobba der som lærar og sfo-leiar fram til hausten 2024. Då vende eg tilbake til barnehagefeltet og byrja ved Læringsverkstedet Krikane barnehage. Eg brenn spesielt for arbeid med dei yngste barna, og er opptatt av å skape eit trygt, omsorgsfullt og stimulerande miljø der barna kan utvikle seg allsidig. Eg har eit sterkt engasjement for barns leik, danning, helse og sosial kompetanse. Eg ønskjer å bidra til at barna får utfolde nysgjerrigheita og kreativiteten sin, kjenne seg sett og verdsatt som dei unike individa dei er.

Annelill

Fagarbeider

Eg er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og har jobba i Læringsverkstedet Krikane barnehage sidan 2007. Eg har jobba på alle avdelingar i barnehagen, men har dei siste åra vore på Løvetanna, men har no flytta over til Marikåpa. Eg vil jobbe for at kvart enkelt barn skal bli sett og møtt for den dei er, og at alle skal få oppleve meistring og trygge relasjonar i møte med andre. Eg synest det er viktig å vere ein tydeleg, varm og omsorgsfull vaksen, og eg vil jobbe for ei trygg og god tilknytning. Dette trur eg er eit godt grunnlag for barnas vidare allsidige utvikling. I barnehagen er eg spesielt glad i å legge tilrette for skapande og kreative prosessar, som forming, dramatisering og songsamlingar.

Lene

Fagarbeider

Eg starta i Krikane i januar 2025. Eg tok fagbrev som barn- og ungdomsarbeidar i 2001 så eg har lang fartstid i barnehageyrket, både i friluftsbarnehage og naturbarnehage. I Krikane er eg matansvarleg då eg trivst veldig godt på kjøkkenet og brenn for viktigheita av rein og god mat til barna. Barna treng dei rette byggeklossane for å vekse og utvikle seg, samtidig som dei kan bli glad i å lage og teste ulike typar mat. Og sjølvsagt oppleve alt det hyggelige rundt eit godt måltid.

Rita Vartdal

Fagarbeider

Eg har jobba i Krikane sidan 2007, utdanna meg til barne- og ungdomsarbeidar i 2018 og eg er i dag på Løvetanna. Eg er oppteken av barns beste i alle situasjonar og vere tilstades saman med barna, sjå at dei utviklar eit positivt sjølvbilete og sjølvtillit, meistring og dannar gode relasjonar. Eg likar veldig godt å jobbe med læringsvennane saman med barna og sjå utbyttet dei får av det.

Siv Therese Veien

Fagarbeider

Eg har så lenge eg kan huske vore glad i å passe born og vere saman med dei, og vart utdanna barne- og ungdomsarbeider i 2008. Sidan då har eg vore tilsett i Krikane barnehage. Har jobba både på småbarn og storbarn, men er i dag på Kvitveisen. Eg er veldig glad i å vere ute og oppleve naturen saman med borna, og lage mat på bål. Eg er også kreativ, blid og likar å finne på sprell saman med både små og store.

Tonje

Fagarbeider

Eg var ferdig utdanna barne- og ungdomsarbeidar i 2016, og har jobba i Krikane sidan hausten 2023. Har jobba både på småbarn og storbarn, men jobbar no 80% på kvitveisen. Eg er oppteken av at alle barn skal bli sett og ha ein meiningsfull kvardag.

Akberet Tadele

Assistent

Eg har vore i Læringsvekstedet Krikane barnehage sidan januar 2025. Då var eg i arbeidspraksis på Løvetanna fram til sommarferien. Etter ferien har eg vore vikar på forskjellige avdelingar i barnehagen, og blitt godt kjent. I oktober starta eg 100% på Marikåpa. Eg er veldig glad i å lese bok med barna, og eg likar å leike i lag med dei og vere ute.

Anne Lene

Assistent

Eg har jobba i Krikane barnehage frå 2013-2019, kom tilbake i 2022 og har vore her sidan. Eg jobbar i dag som assistent på Løvetanna, men har vore på alle avdelingar. Planen er å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidear. Eg synast det er spennande å få følge barna frå småbarn og videre på storbarn, sjå kor dei veks og utviklar seg og vere ein del av dette.

Emma

Assistent

Eg starta som tilkallingsvikar hausten 2025, og gjekk over til assistent i starten av 2026. No jobbar eg 100 % i barnehagen. Eg fullførte vidaregåande i 2025 og har no eit friår. For meg er det viktig at barna kjenner seg trygge, blir sett og får oppleve glede i leik saman med andre. Dette meiner eg legg grunnlaget for god trivsel, eit sterkt fellesskap, læring og vidare utvikling i kvardagen deira.

Ingvill

Assistent

Julie

Assistent

Eg har vore ansatt i Læringsverkstedet Krikane Barnehage sidan september 2021. Held på og utdanne meg til barne- og ungdomsarbeidar som privatist. Eg har vore innom både storbarn og småbarn. Er no 100% på Marikåpa. Eg likar å legge tilrette for at barna skal oppleve meistring og glede i det vi gjer. Er veldig glad i å vere ute i naturen, gå på oppdagelse tur og utforske det vi finn på vår veg.

Linda

Assistent

Eg heiter Linda og arbeidar som assistent her i Læringsverkstedet Krikane barnehage. Eg arbeidde også her for 12 år sidan, så det følast ekstra fint å vere tilbake igjen no frå januar 2026. No arbeidar eg på småbarnsavdelinga Marikåpa, og eg trivast veldig godt der. Å følgje med på barna si utvikling i språk og motorikk er noko som eg verkeleg brenner for. Musikk og rørsle er ein naturleg del av meg, og eg brukar det gjerne i kvardagen saman med barna. For meg er det viktigaste at barna føler seg trygge, sett og likt. Eg ønskjer å vere ein varm og trygg vaksen som dei kan stole på. Gode og trygge relasjonar med barn, føresatte og kollegaer betyr mykje for meg, og det er saman vi skapar ein fin og trygg barnehage for alle.

Lovely

Assistent

Eg er opprinneleg frå Filippinene og utdanna meg her innan teknologi i 2008. Etter eg kom til Norge hadde eg språkpraksis i Ullavik Barnehage i 2012. Eg jobba hos Norlandia Flisnes Barnehage i 2013-2023 og var vikar inn i mellom i Krikane Barnehage i 2016-2020 også. Eg kom tilbake til Krikane Barnehage i 2023 og jobber no som assistent på Blåklokka. Eg har teke barn- og ungdomsarbeidar intensivkurs hos K2 utdanning i 2020. Eg er oppteken av å skape tryggleik for barna gjennom å bygge gode relasjoner og sørge for at kvart enkelt barn blir sett og hørt.

Ine

Barnehagelærer på disp

I mai 2025 fullførte eg ein bachelorgrad i pedagogikk hjå NTNU i Trondheim. Der jobba eg som vikar i skule og barnehage ved sida av studiene. Eg er oppteken av å bli kjend med kvart enkelt born for å vite korleis eg kan tilretteleggje for deira trivsel og ferdigheitsutvikling. Eg har arbeidd hjå Krikane sidan april 2025, og har vore innom alle 4 avdelingane på bygget. I 2026 arbeider eg fulltid på storbarn. 80% på Løvetanna, 60% som styrkingsassistent, og dei resterande 20% er eg på Kvitveisen.