Velkommen til Krikane Barnehage
Læringsverkstedet Krikane barnehage ligg i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Vi ligg sentralt til ved idrettsanlegg og den nye sentrumsskulen. Vi har mange og varierte turmål i nærmiljøet, og bruker både skogen og fjøra aktivt til leik og læring. 💚
I Krikane har vi som mål å sende heim trygge og glade barn, som har hatt ein innhaldsrik og kjekk barnehagedag med gode vennskap og mykje leik. Barna skal ha eit personale som skapar ein kvardag prega av nyskjerrigheit og undring, glede og humor, omsorg og annerkjenning. Alle barn er unike og dei skal oppleve å bli sett, oppleve meistring og bli teke på alvor. Personalet har barnet i fokus og arbeidar for barnet sitt beste i nært samarbeid med heimen.
Mandag — Fredag 06:45 — 16:30
Haugsetvegen 57,6230 SYKKYLVEN
Vis i kart
37071754
krikane@
78 barnehageplasser
4 avdelinger
Pris: 1200,-
Pris for mat: 450,-
Styrer
Eva Helen Haram
Eg har jobba i Krikane barnehage sidan 2006 og har vore styrar sidan 2016. Som leiar er eg oppteken av å ha eit godt miljø slik dei tilsette kan ha ein god arbeidsplass å gå til. Dette vil gjenspegle seg i barna slik at dei òg har eit trygt og godt miljø. Dette gir dei det beste grunnlaget for å utvikle seg, leike og lære.
Utdanning: Bachelor Førskulelærar HiVolda 2012-2016,
Rettleiarutdanning HiVolda 2018-2019,
Styrarutdanning OsloMet 2023-2024.
Fokusområde for Krikane Barnehage
Vi har eit felles satsingsområde saman med den Sykkylvske barnehage; Solid Start Sykkylven. Satsingsområdet har fokus på motorikk og fysisk aktivitet. Gjennom prosjektet skal vi leggje grunnlaget for tidleg utvikling...
Vi har eit felles satsingsområde saman med den Sykkylvske barnehage; Solid Start Sykkylven. Satsingsområdet har fokus på motorikk og fysisk aktivitet. Gjennom prosjektet skal vi leggje grunnlaget for tidleg utvikling av ferdigheiter som skal gjere barnet meir modent og klar for læring ved skulestart. Fysisk aktivitet blir definert som det å "bevege seg", eller å "bruke kroppen". Variert fysisk aktivitet gir moglegheit til å utvikle både fin- og grovmotoriske ferdigheiter. Regelmessig fysisk aktivitet har vidare positiv effekt på psykisk helse, konsentrasjon og læring. Og gir ei rekkje helsefordelar som det kan vere vanskeleg å ta igjen seinare i livet (Helsedirektoratet).
Nasjonale anbefalingar er at barnehagebarn bør vere aktive minst 60 minutt kvar dag, og at aktivitetane bør vere varierte, allsidige, av ulik intensitet og tilpassa kvart enkelt barn. Men vi legg samstundes vekt på at aktivitetane skal vere prega av glede, leik og meistring. Om vi har fokus på å la barnet kjenne gleda ved å bruke kroppen og bli vant til å vere aktiv, vil det kunne føre til at fysisk aktivitet blir ein viktig vane gjennom heile livet. I Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen står det følgjande; "barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna".
Vi har eit årshjul i motorisk aktivitet som styrer kva for fokusområde og aktivitetar vi har året gjennom. Motorikk blir ikkje utvikla av seg sjølv, og barna må gjerne gjere ting mange gongar for at dei skal meistre ei fysisk oppgåve.