Handeland Naturbarnehage

Velkommen til Handeland Naturbarnehage

Me er ein naturbarnehage som starta opp i oktober 2005. I 2017 blei me ein del av barnehagekjeda Læringsverkstedet. Me ligg i landlege omgjevnader ved innløpet til ein av Kvinnherad sine mest besøkte turområde- Handelandsdalen.

Me skal gje barna tilgang til leiken i naturen, og lære gjennom kroppsleg, sansemotorisk tilnærming til nærområdet vårt. Hos oss skal barna oppdage verda saman med engasjerte, varme og grensesettjande vaksne. Me tilbringer mest mogleg tid ute saman med barna. Barnehagen er delt inn i 3 avdelingar, Garden(småbarn), Haugen(storbarn) og Bingen(skulegrisar). Avdelingane deler seg så inn i aldersinndelte grupper som går turar og har ulike aktivitetar i lag. Me nyttar skogen, sjøen, elva og bøane rundt oss som den viktigaste arena for å knyta vennskap gjennom sansemotorisk tilnærming til verda.

For oss på Handeland er det at barna i tidleg alder skal oppleve glede og mestring i naturen svært viktig. Me legg opp til mange gode naturopplevingar frå dei begynner i barnehagen som 1 åringar og etter kvart som dei blir eldre blir turane lengre og opplevingane og utfordringane er heile tida tilpassa barna si utvikling og mestringsnivå. Det er viktig for oss at barna skal få kjenne på utfordringar og mestringsglede gjennom heile barnehagelivet! 💚

Mandag — Fredag 06:30 — 16:30

Handelandsvegen 67,5451 VALEN
Vis i kart

97008349
handeland@laringsverkstedet.no

50 barnehageplasser
3 avdelinger

Pris: 500,-
Pris for mat: 450,-

Styrer
Ingvill Heimvik

Ingvill Heimvik

Var ferdig utdanna barnehagelærar i 2001. Jobba då nokre år i Sandnes før eg flytta heim til Kvinnherad. Begynte her på Handeland som pedagogisk leiar i 2008 og har vore her sidan. Overtok som styrar i januar 2019. Eg er veldig glad i å oppleve naturen i saman med ungane og det å bidra til at dei får ein innhaldsrik og trygg kvardag er noko som er svært viktig for meg. Å sjå dei små oppleve mestring og glede er noko som virkelig gjev meg energi. Eg er veldig glad og takknemlig for at eg får tilbringe kvardagen min her på Handeland saman med alle desse små og store som eg set så stor pris på.

+4797008349
handeland@laringsverkstedet.no

Den viktige frileiken!

At barna skal få leike for leikens eigen skyld er veldig viktig for oss på Handeland. Gjennom den frie leiken får barna verkeleg utfalde seg samstundes som dei stimulerer både fantasi, motorikk, kreativitet, sosial trening, problemløysning osv. Både ute på tur og her i barnehagen set me alltid av mykje tid til barnas eigen leik. Me ser at det er når barna får rikelig med tid og rom til å leike at kreativiteten og samhaldet verkeleg får blomstre! Om barna inviterer oss inn deltar me vaksne meir enn gjerne i leiken saman med dei

Drama og musikk

Drama og musikk er eit av satsingsområda våre dette året.

Me har fellessamlingar kor både barn og vaksne syng eller har show for resten av barnehagen.

Eit av høgdepunkta gjennom året er sirkuset vårt kor alle som vil får opptre med ulike sirkusnummer som dei vel sjølv!

Fokusområde for Handeland Naturbarnehage

Me er ein naturbarnehage som tilbringer store deler av dagane våre ute på tur i nærområdet vårt. Me liker best når me kan ta både lunsjen og kvilen vår blandt trærne i skogen. Me vil gje barna gode erfaringar og opplevingar i naturen til alle årstider. Me tenker at alt me kan gjere inne kan me gjere ute og har difor gjerne både samlingsstunder og ulike formingsaktiviteter og liknande ute i naturen.

Me er ein naturbarnehage som tilbringer store deler av dagane våre ute på tur i nærområdet vårt. Me liker best når me kan ta både lunsjen og kvilen vår blandt trærne i skogen. Me vil gje barna gode erfaringar og opplevingar i naturen til alle årstider. Me tenker at alt me kan gjere inne kan me gjere ute og har difor gjerne både samlingsstunder og ulike formingsaktiviteter og liknande ute i naturen.

Avdelinger

Bingen

4 år - 6 år

97008349

Garden

Under 1 år - 3 år

97008349

Haugen

3 år - 5 år

97008349

Dokumenter fra Handeland Naturbarnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet