Læringsverkstedet Handeland Naturbarnehage

Velkommen til Handeland Naturbarnehage

Me er ein aktiv og leikande barnehage som nyttar mest mogleg tid på å vera saman ute i naturen. Opplevingar knyttar vennskaplege bånd mellom borna. Gjennom kroppsleg meistring i naturen, og læra om alt det fine som finnes der, ynskjer me å gje borna unike og læringsrike opplevingar gjennom året. Gode venner og trygge vaksne er grunnleggande for at kvardagen skal bli bra! Leiken står i sentrum!

Barnehagens overordna visjon er: Me får verdens viktigaste verdiar til å vekse. For oss på Handeland betyr det at me ynskjer å gje kvart enkelt barn opplevingar som gjev dei meistringsfølelse og som utviklar dei som personar. Hjarteprogrammet er utvikla av Læringsverkstedet som eit verktøy for barnehagens arbeid med sosial kompetanse innan kategoriane EG, DU og VI. Gjennom Hjarteprogrammet vert det danna eit godt grunnlag for livsmeistring og barna rustast for å tole livet. Me har hjartesamlingar både på tur og inne i barnehagen.

Her hos oss er friluftsliv ein stor og viktig del av kvardagen vår, me ligg idyllisk til på Handeland, med skog, elv, sjø og mange flotte turmål i vårt nærområde. Ungane går dagleg på tur og me tilbringer store deler av dagen ut i det fri. Gjennom vårt arbeid med friluftsliv ynskjer me at barna skal bli glade i og trivest i naturen og å lære seg å ta vare på den! Vår egen tre lavvo, som ligg flott til i skogen, blir nytta av dei ulike barnegruppene fleire ganger i veka. Her lager me mat på bål og barna får øve seg på spikking, saging og spikring i trygge omgjevnader. Dyrelivet på Handeland er også rikt og me har tilgang til både kyr og sauer i nærområde, i tillegg er hjortane ofte i nærleiken. Mykje spennande å sjå på i kvardagen her hos oss!

Me tilbyr plass til barn i alderen 0-6 år og det er mogleg å søkje barnehageplass heile året, me tilbyr plass ved ledig kapasitet.

Mandag — Fredag 06:30 — 16:30

Handelandsvegen 67,5452 Sandvoll
Vis i kart

97008349
handeland@laringsverkstedet.no

50 barn
2 avdelinger
13 ansatte

Pris: 3000,-
Pris for mat: 350,-

Fokusområde for Handeland Naturbarnehage

Me satsar på friluftsliv og kreativ leik ute i naturen. Hovudområder som me satsar på er: Realfag: me forskar og eksperimenterer. Språk: me lyttar, observerer og sett ord på omgjevnaden vår. Språkkista vår har alltid noko spennande å by på. Hjarteprogrammet: me jobbar med å bli bevisst på korleis me kan setje ord på eigne kjensler, forstå korleis andre har det, og kor viktig det er å ha nokon å leike med.

Me satsar på friluftsliv og kreativ leik ute i naturen. Hovudområder som me satsar på er: Realfag: me forskar og eksperimenterer. Språk: me lyttar, observerer og sett ord på omgjevnaden vår. Språkkista vår har alltid noko spennande å by på. Hjarteprogrammet: me jobbar med å bli bevisst på korleis me kan setje ord på eigne kjensler, forstå korleis andre har det, og kor viktig det er å ha nokon å leike med.

Avdelinger

Garden

17 barn

1 - 2 år

Haugen

33 barn

2 - 5 år

Dokumenter fra Handeland Naturbarnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet