Gardstunet

Nøkkelinfo

  • Mandag — Fredag

    07.00 — 16.30

  • 58 verdifulle barn

  • Pris

    2990,-

    Pris for mat

    600,-

    Pris er per måned og per barn. Vi tilbyr søskenmoderasjon

Gardstunet Barnehage er ein gards-og friluftsbarnehage som ligg i tilknytning til Leitet Gard på Fjell. Vi ligg idyllisk til med flott naturlandskap og kort veg til fjell, sjø og vatn. Frå Bergen er det ca. 15 - 20 min køyretid med bil. Gardstunet Barnehage vart i 2019 kjøpt av Læringsverkstedet som er ein privat barnehagekjede som eig og driv barnehagar i store delar av Norge. Læringsverkstedet har utvikla eit eige pedagogisk konsept som sikrar systematisk arbeid med innhaldet i Rammeplan for Barnehagar. Det pedagogiske arbeidet med borna byggjer på “lekende læring, samspill og mestring”, og Gardstunet Barnehage kan lett identifisere seg med Læringsverkstedet sin visjon og verdiar.

Fokusområde for Gardstunet

Gardstunet Barnehage er ein miljøtilpassa barnehage med tilknyting til dyr og jordbruk. I Gardstunet vil vi ta vare på den gamle kulturen, oppleve nærmiljøet, ha jamnleg kontakt med dyr og la borna få kjensla av å vekse opp på ein gard. Vi nytter nærområda mykje til turar og aktiviteter. De utrolige årene er ein viktig del av kvardagen i barnehagen. Dei eldste har Dinoskule siste barnehageåret.

Avdelinger

Grisebingen

10 verdifulle barn

1 - 3 år

Hønsehuset

16 verdifulle barn

1 - 3 år

Villsauane.

12 verdifulle barn

3 - 5 år

Høystålet

20 verdifulle barn

3 - 6 år

Dokumenter fra Gardstunet

Dokumenter fra Læringsverkstedet